Mari Pedersen Totland – om Tilfeldigheitar, Vekkflytting, Heimflytting og Konferansen Bømlab(r)u?

Her får du høyre om spontane val og uventa hendingar som har ført Mari Pedersen Totland halve verda rundt, og etter kvart heim igjen. No jobbar ho med å skaffe kompetanse til næringslivet gjennom å få fleire til å flytte til Bømlo og Sunnhordland. Tilflytting er eitt av hovudtema på konferansen til næringsrådet 8. november – ikkje gå glipp av denne! 

I dag er episoden laga i eit kommersielt samarbeid med Bømlo Næringsråd.

Bømlo Næringsråd tel om lag 200 medlemsbedrifter frå 24 ulike næringsområde, og er ein sterk interesseorganisasjon og støttespelar i næringsutviklingsprosjekt på Bømlo.

Næringsrådet har som formål å fremja næringslivet sine interesser, skape møteplassar for bedrifter i kommunen, deltar i regionale samarbeidsfora, og koordinere samarbeid mellom skule og næringsliv. 

Dei marknadsfører næringslivet og Bømlo som stad å bu, og arbeider aktivt med å tiltrekke og halde på kompetanse til næringslivet gjennom målretta nettverksaktivitetar, særleg retta mot unge og tilflyttarar i arbeidslivet.

8. november inviterer dei til konferansen Bømlab(ru) – ein konferanse om tilflytting, og det å byggje bruer mellom generasjonar, næringar og regionar – ein konferanse der alle bedrifter i Sunnhordland er velkomne.

Sjekk ut: https://www.bomlonr.no/

Støttespelarar

Desse bedriftene har sponsa ein eller fleire episodar av SunnhordlandPodden