ME VIL FRAMSNAKKA

Sunnhordland

Eg storkosar meg når eg får laga podcast!
Det er alltid stas å få spanande personar inn i studio og høyra dei fortelja om livet og kva dei brenn for.

Det er så mange gode menneske i Sunnhordland som står på innan næring, idrett, frivillig arbeid og kulturliv. Personar det er kjekt å heie fram og promotere via podkasten.

I starten var det Mediehuset Sunnhordland som kjøpte episodar,
noko eg er veldig takksam for.

Høyr episoden med dåverande redaktør Magne Kydland her.

I det siste har eg og opna for at lyttarar kan støtte podkasten ved å abonnere. 

Blir du med på laget?

I dag blir ein del episodar produsert på dugnad, nokre er sponsa, og nokre er laga i kommersielt samarbeid.

Eg synest det er stas når lokalt næringsliv har lyst til å vera med å heia fram andre i regionen vår. Stor takk til dei som vil sponsa ein eller fleire episodar!

Ulike modellar for sponsing og samarbeid med SunnhordlandPodden

Kjetil Fyllingen

Kjetil Fyllingen

Lekendelett-gründer

1 – Vanleg sponsor

Ein vanleg sponsor får:

  • 30-60 sekund reklame opplest ca midt i episoden.
  • Framsnakk og bilete delt i sosiale medier.
  • Logo og lenke på sunnhordlandpodden.no i 1 år.

Målet er at det ikkje skal vera ein forstyrrande reklame, men noko som gjev nyttig informasjon eller underheld på ein positiv måte.

2 – Kommersielt samarbeid

Dette er episodar laga i kommersielt samarbeid med oppdragsgjevar. Her får oppdragsgjevar vera med å bestemma kven som skal vera gjest i studio og nokre tema som skal fram i episoden. Episoden blir annonsert som «laga i kommersielt samarbeid med».

Kva tenkjer du?

Mitt mål med alle episodar er å framsnakka regionen vår og bidra med heiarop til dei som står på og brenn for noko i Sunnhordland.

Har du tips eller innspel?

Send ein e-post til kjetil@lekendelett.net eller kontakt meg via Facebook eller Instagram.

 

Støttespelarar

Desse bedriftene har sponsa ein eller fleire episodar av SunnhordlandPodden