Tommy Johansen – om å Stå i Stormen, Jobben som Kommunedirektør og utfordringar for Stord Kommune
I denne episoden får du eit personleg og nært møte med den nye kommunedirektøren i Stord kommune – Tommy Johansen. Høyr korleis det var å søkja på 200 jobbar, utan å få napp. Om å stå i ulike stormar som toppleiar, og korleis det var å gå av som kommunaldirektør i Bergen. Du får òg ei betre forståing for kva jobben som kommunedirektør inneber, og kva utfordringar Stord kommune står overfor dei komande åra.
Episoden er laga i eit kommersielt samarbeid med Stord Kommune.