Urolege tider- kva no? – Med sjefsøkonom i DNB Markets, Kjersti Haugland
DNB arrangerte Lunsjseminar saman med Atheno onsdag 28 september. Eg fekk lov til å ta opp seminaret, og intervjue Kjersti Haugland og nokre av dei som var der.
Eg prata og med Astrid Kjellevold i Atheno, Tora Haslum Myklebust i Samarbeidsrådet for Sunnhordland, Silje Vatne Ersland i Kattnakken før seminaret og Christin Kalve i Sport-Treff etter seminaret.
Tema til Kjersti Haugland tenkjer eg er aktuelt for mange, sjølv om lydkvaliteten ikkje er på topp.
Sponsor: Subshore – https://subshore.no